15.3.10

Tenåringsdrama fra Nick Hornby

Slam er den sjette boka til Nick Hornby, og han kom ut i 2007, utgjeve i Noreg av Aschehoug Forlag. Ungdomsromanen er på 265 sider. Denne boka er den engelske forfattarens første ungdomsroman, tidlegare har han skrive voksenromaner. Frå tidlegare av er forfattaren kjent for bøkane Fritt fall (A long way down), High Fidelity og Gutter er gutter (About a boy), kor av dei to sistnemnde òg har vorte filmatisert.

I Slam møter vi 16 år gamle Sam, ein tenåring med stor interesse for skating. Idolet hans er skateren Tony Hawk som han har ein stor plakat av på soverommet sitt. Då Sam treng hjelp, snakkar han alltid med plakaten av Tony. Og denne gongen blir det store problema Sam må snakke med Tony om. Han har nemleg forvirra seg inn i ein forelsking, som etter kvart gjekk rett vest, og han får vita at han skal bli far.

Nick Hornby skrivar om eit tema som ikkje er lett å snakke om – å få born i ung alder. I denne boka tek han opp temaet med humor, og i tillegg med realisme. Det er lett å leve seg inn i handlinga i boka, og eg synest òg at det er bra at handlinga hoppar fram og tilbake i tid, det gjer boka meir levande, og ein følgjer betre med. Språket som er brukt i boka er lett å lese og forstå, og det er òg ganske munnleg, sidan det er Sam som fortel historia.

Eg synest boka er kjempebra, og eg har ikkje noko å klage på. Det er ikkje lett å setje seg sjølv inn i ein situasjon som denne boka tek opp, nemleg å få barn i tenåra, men dette klarte Nick Hornby glimrande! Nick Hornby skriv ofte om vanskelege tema, som sjølvmord (i Fritt fall) og vennskap mellom voksen og barn (i Gutar er gutar). Og det var ikkje noko unntak denne gongen heller, for å få barn i så ung alder er ikkje eit lett tema å ta opp. Dette er ei bok eg tilrår alle å lese, uansett alder. Boka er såpass realistisk at vaksne lett skulle klare å setje seg inn i dette tenåringsdramaet!

19.1.10

Mi eiga språkhitorie

Då eg var liten snakka eg ikkje mykje. I alle fall ikkje før eg var 2-3 år. Eg nikka, rista på hovudet eller trekte på skuldra i staden for å bruke ord. Mamma seier det var fordi eg ikkje tura å snakke før eg var sikker på at eg snakka riktig. Og eg kan jo ikkje argumentere mot det, for eg huskar inkje av det sjølv! Men då eg først byrja å snakke, då var det vanskeleg å få meg til å vere stille. Og orda som ploppet ut av munnen min var av riktig Eidskog-dialekt, ja!

Vi har nokre gamle videofilmar her heime, dei er frå då eg var omtrent 4-5 år. Eg må nestan le då eg ser på dei, fordi eg snakka så annleis då enn det eg gjer no! Ein *komisk hending frå éin av filmane er at eg lauper rundt i huset og ropar ”je vil ha æple!”. Både ”je” og ”æple” er jo typiske Eidskog-ord, såg det høyrst så tydeleg at eg kjem frå nettopp Eidskog. Det er ikkje slik eg ville ha sagt det i dag. Men så ville eg jo ikkje ha laupt rundt i huset og ropt etter eple no, heller!

Det var ein periode eg til og med snakket norskamerikansk. Vi hadde hatt besøk av onkelen til pappa isommerferien, han budde eigenleg i Nord-Amerika. Og under denne sommaren tok eg opp fleire og fleire ord frå dialekten til denne mannen. Han var jo opphavleg norsk sjølv, han, men sidan han hadde budd så lenge i Canada hadde uttala hans vorte litt annleis. Tydelegvis syntest eg dette var skikkeleg kult, for eg snakka med ein amerikansk klang i nokre månader.

Etter kvart vart dialekten min veldig påverka av den såkalla ”Oslo-dialekten”. Eg syntest det var mykje kulare å snakke slik som dei på barne-TV, i staden for å prate slik som mamma og pappa. Og at eg fekk ein bestevenn som snakka slik som dei på TV gjorde, det hjelpte jo ikkje akkurat på å oppretthalde den gamle dialekten min. Per i dag vil eg seie at eg har ei blanding av desse to dialekttypane; Oslo-dialekt og Eidskog-dialekt.

Men språket mitt er òg påverka av svensk. Ikkje berre det at eg bur nær grensa til Sverige, eg har òg ein svensk farmor! Ho har snakka svensk til meg heile livet mitt, og dermed har eg òg lært å forstå svensk svært godt. Då eg snakkar med henne brukar eg nokre svenske ord som er totalt ulike dei norske, som til dømes skottkjärra, som tyder trillebår. Sjølvsagt hadde farmor forstått kva eg meinte om eg sa trillebår, men det følast meir riktig å bruke dei svenske orda då eg snakkar med henne. Og det er jo heller ikkje berre farmor i slekta mi som er svensk, eg har ein heil haug med tremenningar og firemenningar i Sverige. Dei bur i Bollnäs, heilt på andre sida av Sverige. Kvar sommar får vi besøk av nokre av dei, og då snakkar vi svensk med kvarandre. Men i tillegg til dette, så er eg mykje i Sverige då det angår hobbyen min. Eg tek ridetimar hos Eda Ryttarförening. Der lærer vi alt på svensk, og dermed lærer eg berre å bruke dei svenske omgrepa på det vi lærer der. Såg det hender at eg brukar svenske ord då eg snakkar, fordi det virkar naturleg for meg. Men det er ikkje så ofte, eg klarar heldigvis å skilje mellom språka.

Då familien min er på ferie, får vi ofte høyre ”Er de frå Sverige? Värmland?”. Sjølve Eidskog-dialekten er jo nærskyldt med den värmlandske dialekten, såg det er kanskje ikkje så rart. Men likevel burde ein då høyre at det er norsk vi snakkar?! Eidskog-dialekten har nokre eigne ord, eg fekk masse kommentarar på det då eg vart bestevenn med Angelika. Ho var jo ikkje vand til denne dialekten, såg ho måtte ofte spørje om kva det eg sa tydde. Det er kanskje desse som høyrest svenske ut?!

Eg snakkar ulikt i ulike situasjonar, det skal vere sikkert og visst! Her ein dag sat eg ved kjøkkenbordet og åt middag med familien. Samtalen føregjekk på skikkeleg Eidskog-dialekt. Så ringar telefonen, det var *Angelika. Eg tek opp røret, og med ein gong slår eg over til å snakke meir på bokmålsdialekt. Eg la ikkje merke til det sjølv, men det første eg fekk høyre då eg hadde lagt på var nettopp at eg hadde snakka på Oslo-dialekt medan eg snakka med Angelika.
Såg heime og saman med familien føregår samtalane på Eidskog-dialekt, men ikkje då eg er med vener. Eg kan ikkje seie kvifor eg skal byte på talemåten min, for eg har rett og slett ikkje noko svar på dette. Eg veit ikkje kvifor!

Såg, kort oppsummert: Dialekten min er ei blanding av Eidskog-dialekt og bokmålsdialekt, og han er òg litt påverka av svensk. Men eg er nøgd, eg. Det er då betre å kunne snakke med ein blanda dialekt, enn å ikkje kunne snakke i det heile!

10.1.10

Oppdateringar på gang!

I løpet av denne helga skulle vi sjå over bloggen for å rette opp feil, sidan læraren skulle sette karakter på bloggen. Nå har eg prøvd å rette opp feil, håper eg fikk retta opp dei fleste!



(Bilde: Hentet fra http://www.misjonsselskap.no/misjonsselskap/bilder/blogg_27.03.jpg)

30.11.09

DIKT

TAXI
Tar seg fram,
både dag og natt.
Holder øye med byen
fra bak et ratt.

Kjører rundt,
vet hvor de er.
Trenger du dem,
så er de der.

Gi et tegn,
si ifra.
Du bestemmer selv
når du vil dra.

_____________________

ØNSKELISTA
Kjære mamma
Kjære pappa
Jeg trenger en ny mobil

Kjære mamma
Kjære pappa
Jeg vil ha en ny mobil

Kjære mamma
Kjære pappa
Det er snart jul

Kjære mamma
Kjære pappa
Tar dere hintet?

Kjære mamma
Kjære pappa
Her er ønskelista mi!

_____________________

SAVN
Savner deg,
du skulle ikke dra.
Var for tidlig,
var det alle sa.

For ung til å mistes,
for god til å dra.
Var dette en verden
du ønsket å dra fra?

Ingenting er for evig,
men noe er ment til å vare.
Er du ikke enig?
La meg høre deg svare!

Savner deg,
mer enn du tror!
Var ikke meningen du skulle dra fra meg,
du skulle være min bror.

Du kommer ikke tilbake,
det er for sent.
Var dette en skjebne
som var til deg ment?

Selv om du ikke er her,
er du ikke glemt.
I alle våre hjerter
er du godt gjemt.

Savner deg,
du skulle ikke dra.
Var for tidlig,
var det alle sa.


Av
Linnea Boger

3.11.09

gatelyktblues

I dag fikk vi beskjed om å skrive eit innlegg, og temaet denne gangen var lyrikk.
Her er diktet eg skal si min meining om:

Blues for gatelykta

hva skal jeg gjøre nå om dagen
sier gatelykta
eller om kvelden
nå som ingen finner tid
til å skifte pære på meg

jeg kan ikke en gang

stå med armene bakpå ryggen
og vente på bussen
trippe tissetrengt
stå klar med overgangsbilletten

jeg har stått og rusta i sju år
men i januar kan jeg ikke gjenkjenne
vinteren i eget metall
jeg er tilmålt, nymalt, tankeløs, tom
ikke engang disse enkle linjene
er det jeg som tenker

Og det eg synes om diktet er.. Ja? Eg vet ikkje helt kva eg skal si. Eg kan ikkje si eg forsto det fult ut, men i diktet blir det brukt en lyktestolpe som forteljar om korleis den har det. Tydeligvis har lyspæra gått, og ingen har skiftet den. Viss man tenker seg at lys stolpen er et symbol for en person, vil det da kanskje bety at sidan den ikkje lyser, er personen ganske utanfor og ikkje blir lagt merke til av dei rundt ein. Eg likte diktet fordi det beskriver korleis det kan vere å vere aleine. Men det er ikkje det beste diktet eg har lest heller.

21.10.09

meininga mi om nynorsk

Eg har aldri vore noe så veldig begeistra for nynorsk. Eg har ikkje noen spesifikk grunn til det, men eg liker best å skrive på bokmål. Det likner vel meir på min ”dialekt”, som då er en blanding av skikkelig Oslo-snakking og Eidskog-dialekten. Då eg var liten, og då tenker eg på ”3 år gammal”-liten, så prata eg skikkelig Eidskog-dialekt. Men då eg begynte i barnehagen, da var det kjempekult å snakke som de på barne-TV. Og de snakka jo Oslo-dialekt! Det var det første som påverka til min dialekt som eg har per i dag. Men det skjedde meir, i 3. klasse kom Angelika flyttande til Magnor og begynte på min skole, i min klasse. Då blei vi bestevenner, og vi lekte med kvarandre kvar dag. Angelika snakka som dei på TV-en, for hun hadde jo budd på Kongsvinger, og det syntes eg var kult. Eg begynte å prate som henne, men for det meste prata eg Eidskog-dialekten då eg berre var med familien. Slik er det den dag i dag også. Eg bytter litt på dialekten. Men då eg skriv, då vil eg skrive bokmål, det er det eg er vant med, og det eg er vant med å les.
Eg kunne godt ha tenke meg å bli kvitt nynorsken, eg synes det ikkje er noko vi burde bli tvungne til å lære oss. Kva er grunnen, eigentlig? Vil ein, så sjølvsagt kan ein det, på et kurs eller noko sånt for eksempel! Men vi forstår jo kvarandre, sjølv om vi snakkar Oslo-dialekt eller om vi snakkar bergensk?! Orda vi skriver er ikkje like, men; HALLO?! Det er jo ikkje vanskeleg å forstå kva ein meine uansett! At nynorsk og bokmål er likestilt på NRK, er veldig greitt, for da blir tekstinga på engelske program i blant på bokmål og i blant på nynorsk, for då får begge partar det dei vil ha. At vi har bøker både på bokmål og på nynorsk i Noreg er også kjempefint! Men at man skal bli tvungne til å lære seg dette språket på skolen er ikkje noko eg likar. Kunne ein ikkje heller bruke tida til å lære seg ordentlig norsk? Det er det ungdommen i dag trenger.

20.10.09

velkommen til min blogg

Dette blir mitt første innlegg i min nye blogg. Denne bloggen skriver eg i forbindelse med skolen, nærmare sakt norsk. Det hadde vært kjempegøy, dette... Om det ikkje hadde vore for at vi må skrive alt på NYNORSK! Dette lover jo bra, med mine supre sidemålskunnskapar... Eller ikkje?! Takk Gud for ordbøkar, seier eg berre!
Ønsk meg lykke til i alle fall!