I Slam møter vi 16 år gamle Sam, ein tenåring med stor interesse for skating. Idolet hans er skateren Tony Hawk som han har ein stor plakat av på soverommet sitt. Då Sam treng hjelp, snakkar han alltid med plakaten av Tony. Og denne gongen blir det store problema Sam må snakke med Tony om. Han har nemleg forvirra seg inn i ein forelsking, som etter kvart gjekk rett vest, og han får vita at han skal bli far.
Nick Hornby skrivar om eit tema som ikkje er lett å snakke om – å få born i ung alder. I denne boka tek han opp temaet med humor, og i tillegg med realisme. Det er lett å leve seg inn i handlinga i boka, og eg synest òg at det er bra at handlinga hoppar fram og tilbake i tid, det gjer boka meir levande, og ein følgjer betre med. Språket som er brukt i boka er lett å lese og forstå, og det er òg ganske munnleg, sidan det er Sam som fortel historia.
Eg synest boka er kjempebra, og eg har ikkje noko å klage på. Det er ikkje lett å setje seg sjølv inn i ein situasjon som denne boka tek opp, nemleg å få barn i tenåra, men dette klarte Nick Hornby glimrande! Nick Hornby skriv ofte om vanskelege tema, som sjølvmord (i Fritt fall) og vennskap mellom voksen og barn (i Gutar er gutar). Og det var ikkje noko unntak denne gongen heller, for å få barn i så ung alder er ikkje eit lett tema å ta opp. Dette er ei bok eg tilrår alle å lese, uansett alder. Boka er såpass realistisk at vaksne lett skulle klare å setje seg inn i dette tenåringsdramaet!
