Vi har nokre gamle videofilmar her heime, dei er frå då eg var omtrent 4-5 år. Eg må nestan le då eg ser på dei, fordi eg snakka så annleis då enn det eg gjer no! Ein *komisk hending frå éin av filmane er at eg lauper rundt i huset og ropar ”je vil ha æple!”. Både ”je” og ”æple” er jo typiske Eidskog-ord, såg det høyrst så tydeleg at eg kjem frå nettopp Eidskog. Det er ikkje slik eg ville ha sagt det i dag. Men så ville eg jo ikkje ha laupt rundt i huset og ropt etter eple no, heller!
Det var ein periode eg til og med snakket norskamerikansk. Vi hadde hatt besøk av onkelen til pappa isommerferien, han budde eigenleg i Nord-Amerika. Og under denne sommaren tok eg opp fleire og fleire ord frå dialekten til denne mannen. Han var jo opphavleg norsk sjølv, han, men sidan han hadde budd så lenge i Canada hadde uttala hans vorte litt annleis. Tydelegvis syntest eg dette var skikkeleg kult, for eg snakka med ein amerikansk klang i nokre månader.
Etter kvart vart dialekten min veldig påverka av den såkalla ”Oslo-dialekten”. Eg syntest det var mykje kulare å snakke slik som dei på barne-TV, i staden for å prate slik som mamma og pappa. Og at eg fekk ein bestevenn som snakka slik som dei på TV gjorde, det hjelpte jo ikkje akkurat på å oppretthalde den gamle dialekten min. Per i dag vil eg seie at eg har ei blanding av desse to dialekttypane; Oslo-dialekt og Eidskog-dialekt.
Men språket mitt er òg påverka av svensk. Ikkje berre det at eg bur nær grensa til Sverige, eg har òg ein svensk farmor! Ho har snakka svensk til meg heile livet mitt, og dermed har eg òg lært å forstå svensk svært godt. Då eg snakkar med henne brukar eg nokre svenske ord som er totalt ulike dei norske, som til dømes skottkjärra, som tyder trillebår. Sjølvsagt hadde farmor forstått kva eg meinte om eg sa trillebår, men det følast meir riktig å bruke dei svenske orda då eg snakkar med henne. Og det er jo heller ikkje berre farmor i slekta mi som er svensk, eg har ein heil haug med tremenningar og firemenningar i Sverige. Dei bur i Bollnäs, heilt på andre sida av Sverige. Kvar sommar får vi besøk av nokre av dei, og då snakkar vi svensk med kvarandre. Men i tillegg til dette, så er eg mykje i Sverige då det angår hobbyen min. Eg tek ridetimar hos Eda Ryttarförening. Der lærer vi alt på svensk, og dermed lærer eg berre å bruke dei svenske omgrepa på det vi lærer der. Såg det hender at eg brukar svenske ord då eg snakkar, fordi det virkar naturleg for meg. Men det er ikkje så ofte, eg klarar heldigvis å skilje mellom språka.
Då familien min er på ferie, får vi ofte høyre ”Er de frå Sverige? Värmland?”. Sjølve Eidskog-dialekten er jo nærskyldt med den värmlandske dialekten, såg det er kanskje ikkje så rart. Men likevel burde ein då høyre at det er norsk vi snakkar?! Eidskog-dialekten har nokre eigne ord, eg fekk masse kommentarar på det då eg vart bestevenn med Angelika. Ho var jo ikkje vand til denne dialekten, såg ho måtte ofte spørje om kva det eg sa tydde. Det er kanskje desse som høyrest svenske ut?!
Eg snakkar ulikt i ulike situasjonar, det skal vere sikkert og visst! Her ein dag sat eg ved kjøkkenbordet og åt middag med familien. Samtalen føregjekk på skikkeleg Eidskog-dialekt. Så ringar telefonen, det var *Angelika. Eg tek opp røret, og med ein gong slår eg over til å snakke meir på bokmålsdialekt. Eg la ikkje merke til det sjølv, men det første eg fekk høyre då eg hadde lagt på var nettopp at eg hadde snakka på Oslo-dialekt medan eg snakka med Angelika.
Såg heime og saman med familien føregår samtalane på Eidskog-dialekt, men ikkje då eg er med vener. Eg kan ikkje seie kvifor eg skal byte på talemåten min, for eg har rett og slett ikkje noko svar på dette. Eg veit ikkje kvifor!
Såg, kort oppsummert: Dialekten min er ei blanding av Eidskog-dialekt og bokmålsdialekt, og han er òg litt påverka av svensk. Men eg er nøgd, eg. Det er då betre å kunne snakke med ein blanda dialekt, enn å ikkje kunne snakke i det heile!
